onsdag 28. november 2012

Vi anbefaler lutafisken frå Hjønnevåg

Til 6 pers.:
3 kg. lutafisk
3 ss. salt
200 gr. salt
 
Ertepurè:
5 dl. frosne erter
0,5 dl. utblandet kjøttbuljong
0,5 ts. salt
0,5 ts. pepper
2 ts. frisk timian
0,5 dl. fløyte.
 
Tilbehør:
Potet
Sennep
Brunost
Sirup
 
 
Slik gjer du:
1. Set ovnen på 200 grader.
2. Legg lutafisken med skinnsida ned i ei langpanne. Dryss på salt og dekk med aluminiumsfolie.
3. Bak lutafisken midt i ovnen til den er gjennomkokt, ca. 40 minutt.
4. Del bacon i små terninger og legg det i ei kald steikepanne. Steik på lav varme til det er gyllent, spøtt og fettet har steikt ut.
5. Lag ertepurè: Kok opp ertene i buljongen. Bruk ein stavmiksar og kjør til purè. Smak til med salt, pepper, timian og fløyte.
6. Servèr lutafisken med kokt potet, ertepurè, bacon, sennep, brunost og sirup :)
 
 


tirsdag 27. november 2012

Julebrød

125 gr. smør
5 dl. heilmjelk
1 pk. gjer
125 gr. sukker
1 ts. malt kardemomme
650 gr. kveitemjøl
150 gr. rosiner
 
Slik gjer du:
1. Smelt smør og ha i mjelka. Rør gjæren ut i den lunkne blandinga.
2. Elt i mjøl blandet med sukker og kardemomme. Deigen skal vere blank og smidig, og den skal sleppe bollen.
3. Hev deigen under plast på ein lun stad til den er dobbelt så stor, i ca 40 min.
Sett steikeovnen på 175 grader. Finn fram ei steikeplate med bakepapir, alternativt to godt smurte brødformer som rommer ca. 2 liter kvar.
4. Legg deigen på bordet og del den i to. Fordel rosiner og eventuelt sukat, rull saman og elt til store runde bollar.
5. Trykk brøda godt ned på midten. Då sprekk dei ikkje så lett og får ein fin fasong. Set julebrøda til heving under plast på ein lun stad i ca. 30-40 minutt.
6. Visp saman egg & pensle kakene. Steik brøda nederst i ovnen i 30-40 minutt. Avkjøl på rist.
 
Servèr med smør og brunost på! Mmm......
 
 
Vi har òg ferdige julebrød frå Sunde Bakeri og Martens i butikken!
 


mandag 26. november 2012

Ein god start er ein god smak...

BAMA har no gjennomført tidenes første og største familietest av grønnsaker.
Det skal meir til enn å koke opp vatn og helle oppi grønnsaker....
Det som er viktig, er at du lykkast første gongen, for å få barna til å ete grønnsaker neste gong.
 
 
BAMA gir deg dei beste tipsa for å lykkast med dette.
 
 
 
 
Resultata er samla i BAMAs nye app.
45 smakstesta tilberedingar, oppskrifter og steg-for-steg-filmar.
Målet er å gjere det enklare for deg å finne dei grønnsakene og tilberedingane du har aller størst sjanse til å lykkast med.
 
Sjekk ut BAMAs nye app eller gå inn på bama.no
 
 
 

fredag 23. november 2012

HEIMELAGA MUSLI


I Matlyst, gratis magasin på butikken, finn ein mange kjekke, gode & enkle oppskrifter.
Vi anbefaler heimelaga musli til helga, sunn & god frukostblanding.
 
Av denne oppskrifta får du 2-3 glas med musli.
 
Du treng:
400 gr store havregryn
50 gr hakka mandlar
30 gr kokosmasse
1 ts kanel
50 gr pistasjnøtter/pinjekjerner/solsikkefrø
2 ss solsikkeolje
2 ss flytande honning
50 gr rosiner/tørka blåbær
100 gr blanda & tørka fruktblanding, mango, ananas.
 
Slik gjer du:
1. Ha havregryn, mandlar, kokosmasse, kanel & nøtter/frø på ei steikeplate.
2. Drypp over solsikkeolje og honning. Steik blandinga i 5-6 minutt på 200 grader.
Rør om av og til slik at du får ein smak av honning. Avkjøl.
3. Bland saman med resten av ingrediensane.
Oppbevar i ein lufttett boks :)

Kanskje du har ein tøff tenåring i huset som ynskjer å prøve seg på kjøkkenet?
Sjå video av tenåringskokken til SPAR som lagar heimelaga frukostblanding
 
Du finn alt du treng i butikken!
 
God helg :)
 


torsdag 22. november 2012

Gjengen på SPAR

Her er gjengen du møter på i butikken.
Kan tru vi har det kjekt i lag!
 
Hiv og hoy! :)
 
 

onsdag 21. november 2012

PEPPERKAKE UTSTILLING

Vi på SPAR Uskedalen lagar til pepperkake utstilling i desember og inviterar skuleklassar, barnehagebarn, kollegaer, klubbvenninner....... til å komme med bidrag.  
Det blir premiering for det mest kreative og det flottaste byggverket.
Kom igjen!  
 
Vi tek imot pepperkakehus frå 1. desember!
 
Gler oss!