lørdag 29. desember 2012

Litt fleire bilder frå pepperkakeutstillinga vår

Har du endo ikkje fått sett den flotte pepperkakeutstillinga vår?




Utedoen ved Fjelly





Vår eigen SPAR-butikk





Systrene Nilsen




Oljeplattform

(premie for mest kreative)


Location:Geilo,Kvinnherad,Norge

torsdag 20. desember 2012

Julegodteri

Masse snadder i godterihyllene på butikken!
 
 
Namnam!

 
Kjekt å ha ei skål med sjokolade på bordet til deg sjølv eller andre & ei smakfull gåve å gje vekk :)
 

onsdag 19. desember 2012

Risboller

Du treng:
250 gr. delfiafett
250 gr. melis
1 egg
1-2 ss. kakao
Litt sterk kaffi
Ett par dråpar romessens
100 gr. puffet ris
 
 
 
Slik gjer du:
Smelt delfiafett i vannbad, ha i melis og eit vispa egg.
Ha kakao, litt sterk kaffi og romessens. Bland inn ris til alt har fordelt seg utover risen.
Form boller med skje og sett dei på matpapir.
Avkjøl i kjøleskap.
 


tirsdag 18. desember 2012

Heimalaga karamellpudding

Knallgod dessert i jula....
 
Du treng:
2 dl. sukker til karamell
6 dl. mjelk
3 dl. kremfløyte
5 ss. sukker
1 vaniljestang eller vaniljesukker
8 egg
 
Slik gjer du:
Smelt 2 dl. sukker i ein kjele og rør godt til du får tjuktflytande karamell. Pass på så det ikkje brenner seg. Hell det over i ei brødform (ca. 1,5 liter) eller porsjonsformer.
 
Snitt opp vaniljestangen på midten og skrap ut frøa med ein kniv. Kok opp mjelk, fløyte, sukker og vaniljestangen + frøa.
Avkjøl!
 
Pisk egga lett saman og tilsett den avkjølte mjelkeblandinga mens du rører godt.
 
Sil blandinga opp i brødforma eller småformene. Sett formen/formene i ei djup langpanne og hell i vatn opp til 1/3 av forma/formene, steik i ovn ved 120 grader, i ca. 2 timar til karamellpuddingen er stiv.
Avkjøl!
 
Servèr med piska krem og karamellsaus :)
 
Karamellsaus:
200 gr. sukker
1/2 dl. vatn
 
Slik gjer du:
 
Ha sukker og vatn i ei rein panne.
Kok opp og la det koke i 7-8 minutt, til sause er gyllen. Ta den av varmen og tilsett 1 ss. kaldt vatn. Då slepp sausen øyeblikkeleg og den er klar.
 
Juletips! Ver forsiktig når du rører ingrediensane saman. Rører du for hardt, blir ikkje karamellpuddingen fin.
 
 
 
 
Mmmm.... Knallgodt!!
 
 


mandag 10. desember 2012

Pepperkakeutstilling

No er det kommen mange flotte og stilige bidrag til pepperkakeutstillinga vår!
 
Begge barnehagane har komme med flotte kunstverk.
Kjempe kjekt!
 
Dønhaug gardsbarnehage :)
 
Uskedalen barnehage avd. bamsebu :)
 
Siste frist er 17. desember for å delta.


søndag 9. desember 2012

Julegodteri - Sjokoladeboller med kokos

 
Av denne oppskrifta får du 30 små/20 store.
 
Du treng:
100 gr. romtemperert smør
1 ss. vaniljesukker
1 dl. sukker
2-3 ss. kakao
3 dl. havregryn
2-3 ss. kald espresso eller annan sterk kaffi
 
Slik gjer du:
Rør smør, vaniljesukker og sukker porøst og luftig.
Bland inn kakao, rør godt.
Tilsett havregryn og kaffe, sørg for at alt blir godt blanda.
Form små, runde boller av røren og rull dei i kokos.
La bollene avkjøles i kjøleskap minst ein halv time før servering.
 
 
Enkelt og godt!
 


Julegodteri - Fugde

 
Av denne oppskrifta får du 25 stk.
 
450 gr. sukker
3 dl. fløyte
50 gr. usalta smør
1,5 dl. heilmjelk
3 ss. vatn (eller smak som f.eks. brandy, kaffi....)
Dersom du ynskjer det kan fudgen tilsettast forskjellige smakar, f.eks. nøtter eller kakao.
 
Slik gjer du:
Ha sukker, fløyte, smør, mjelk og vatn (evt. smakstilsetning) i ein kjele med tjukk botn. Varm opp under svak varme.
Rør av og til.
Kok opp til kokepunktet og kok vidare til massen kan formes til ei kule i kaldt vatn.
Husk å røre av og til under koking slik at massen ikkje svir seg.
Dersom nøtter tilsettes: Trekk kjelen av plata og tilsett nøttene. Rør kraftig til massen tjukkner litt.
Til slutt helles massen i ei smurt form.
Forma settes kjølig til massen har stivna.
Når fugdemassen er heilt stivna, ta den ut av forma og del den i firkantar med ein skarp kniv.
 
Mmm....
 
Ha ein fin søndag!


fredag 7. desember 2012

Endeleg jul i Uskedalen

 


Solbærgløgg med svisker

 
 
Til 6 personar
 
1 liter solbærsaft (bland litt sterkare enn når du lagar saft)
4 ss. lønnesirup (evt. lys sirup)
2 små kanelstenger
1 ts. kardemomme
Skallet frå ei appelsin
4 ss. finhakka svisker (som er utbløtt i vatn i vatn i 15 min.)
4 ss. finhakka hasselnøtter
Smak til med så mykje rom du ynskjer (kan sløyfast!)
 
Slik gjer du:
Ha sterk solbærsaft, sirup, kanelstenger, kardemomme og appelsinskall i ein kjele.
 
Varm opp til kokepunktet og la det stå og trekke i 20 minutter (eller lenger).
Tilsett svisker og nøtter.
 


mandag 3. desember 2012

Husk på fuglane

Ein kjekk aktivitet for store og små.
 
Du treng:
Fuglefrø (villfuglblanding, solsikkefrø...) og Flott.
 
 
Finn fram det dåke har av tomme yoghurtbeger, mjelkekartonger, muffinsformer eller kakemennformer.
 
Fyll dei aktuelle formene med fuglefrø og legg ein trå nedi.
 
Deretter tømmer ein nedi smelta Flott-matfett og rører litt i formene slik at det blir fordelt.
 
Avslutt med å set det kjølig før ein heng det ut.
 
 
 
 


søndag 2. desember 2012

Ribbe

6-8 pers.
 
Du treng:
2 kg. familieribbe
3 ts. salt
1/2 ts. pepper
2 ss. frisk ingefær, finhakka
1 ts. anisfrø
1 ss. heil nellik
 
Slik gjer du:
1. Lag ruter i svoren: Skjer gjennom svoren og litt ned i spekket med ein skarp, spiss kniv.
Dersom du ruter opp parallelt med ribbebeina blir det lettare å skjere opp fine ribbebetar etter steiking.
Det er lettast å rute svoren når ribba er halvfrossen.
2. Gni ribba med krydder 1-3 dagar før steiking. Skrell og finhakk ingefær og støt anisfrø i ein morter. Gni salt og krydder inn i ribba, og stikk nellikspiker rundt om i kjøttet og svoren.
Pass på at krydderet kjem godt ned mellom svor og bein.
3. Dekk ribba med aluminiumsfolie og sett den kjølig.
Når du skal steike ribba, kan du gjerne gni den inn med væsken som har danna seg i botn av forma.
4. Legg ribba i langpanna med svoren opp. Putt ein asjett under, slik at ribba er litt høgare på midten.
5. Hell over ca. 2 dl. vatn og dekk langpanna med aluminiumsfolie.
6. Forvarm ovnen til 230 grader. Set langpanna midt i ovnen i ca. 45 minutter.
Då "blåser" ribba seg opp og svoren spriker.
7. Fjern folien (la asjetten ligge) og reduser temperaturen til 200 grader. Set panna tilbake midt i ovnen og la ribba steike vidare (ca. 1-1,5 time for tynnribbe, og ca. 2-2,5 time for familieribbe).
8. Ofte får ribba sprø svor av seg sjølv. Viss ikkje kan ein sette panna høgare i ovnen og auke temperaturen til 250 grader eller bruk grillen. Følg med så du ikkje brenn svoren.
9. La ribba kvile i ca. 20 minutt slik at kjøttsafta "set seg", og du får ei saftig og god ribbe.

Husk godt tilbehør!